No er det blitt siste sundag i Japan. Litt vemodig at det gaar mot slutten, men skal bli deileg aa koma heim til Norge. Det har vore mange treningskampar i det siste, og ikkje minst mykje "dashing" eller intervalsprint om du vil. Sjuuukt slitsomt! Dette har for det meste vore heilt til sist i treninga, men av og til har dei funne paa aa kjoere det fyrst. Ikkje like lett i beina ved innsmashing det fyrst. Ikkje like lett i beina ved innsmashing etterpaa.
Universitetslaget som var motstandar i gaar hadde ein spelar som var litt utanom det vanlege. Han var den stoerste mannen eg har sett nokon gong (i virkelegheita) Han var 208 cm hoeg og svaer som eit beist. Han var kun 18 aar og spelte for juniorlandslaget til Japan. Det svei aa proeve og blokke han. Av og til la dei bare ballen hoegt opp i midten slik at han fekk god tid til aa ta tillaup (han var nemleg ikkje den mest korrdinerte av dei). Tremannsblokk - ingen problem. Spenst kunne han ikkje skryte av; han veg sikkert godt over 100 kg. Men tenk etter eit par aar med trening!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar