Aa hei det er varmt. Sola steikar og ein har eigentleg bare lyst aa koma seg inn der det er A/C. Heldigvis blr det kaldare paa kvelden slik at det er mogeleg aa sove. 20 grader inne er meir behageleg enn 35 grader ute. Spesielt naar ein skal trene.
Dagane her borte gaar veldig fort. Du gaar nesten paa automatgir fraa du staar opp til du kjem tilbake fraa trening. Ein typisk dag vil kunne sjaa slik ut:
1. Frukost mellom 09.00 og 10.00.
2. Eit par timar med aktiv avslapping, vasking av klaer osv.
3. Avreise med sykkel til metrostasjon Misami-Kuragi, og tog til Sumiyoshi stasjon.
4. Rundt ein time med forberedelse til trening (sette opp nett, teipe, toeye ut).
5. Trening i rundt 4 timar (har nokre gonger vore mellom 5-6 timar)
6. Middag i treningsbygget (alt fraa blekksprut til tunfisk...)
7. Avreise tilbake til leilegheita rundt kl 21.30.
Her om dagen var det treningskamp mot eit universitetslag fraa Tokyo. Eg fekk spele litt, og vart (til baade min egen og andres overaskelse) storservaren i det siste settet. Trur eg hadde 3-4 direkte ess og 7-0 scoring run. Moro ;)
I gaar var me paa sightseeing i Tokyo. Eg og romkamerat Takashi Osanai reiste til eit tempel midt i byen. Der var det enormt med butikkar. Masse smaa boder og innhuk rundt omkring, med varer av diverse kvalitetar; men med same pris!
Ved sidan av tempelet proevde eg lykka med ei slags fortune cookie. Paa lappen sto det: Bad fortune!! Hmmm...
Takashi sa at den skulle eg knyte til eit stativ ved sidan. Paa den maaten slapp eg ulykke. Kanskje like greit.
Sayonara
Azui!! (HEI?? :D)
SvarSlettNo har Gommo vore her og lese ho syntes det er artigt å høyre i frå deg. Her er det litt kaldare, 10 grader ute og 20 inne. Lett regn. Ellers er alt som vanleg. Hugs å ta bilder. ;)
Helsing Mamma og Pappa, Gommo, Ingrid og Åshild!