Hei og hopp.
Fyrste post fraa Asia. Har vore vanskeleg aa faa tak i internett, sjoelv om ein er i Japan! Merkeleg. Men, endeleg faar eg oppdatert bloggen.
Dette er tredje dagen her nede, og eg har lagt merke til at det er usannsynleg varmt. Det er akkurat som aa vere i Syden. 30 grader pluss, pluss. Heldigvis er det bra air condition i hallen vi trenar og i leilegheita eg bur.
Romkameraten min kan usannsynleg lite engelsk, men det har gaatt ganske bra likevel. Vi lagde mat i leiligheten hans i dag, og det smakte ikkje ille =D Var bare pasta med ein spesiell saus og diverse kjoett, men alt i alt ikkje gale.
Har troebla ein del med aa faa tatt ut pengar, men i dag ordna det seg heldigvis. Etter aa ha sykla rundt halve nabolaget fann vi endeleg "7-bank." Saa no skal eg ikkje svelte eller maatte gaa til trening (som er ganske langt).
Eg har hatt to treningar med FC Tokyo (i dag er det fri,) og fyrsteinntrykket er veldig bra. Nivaaet er godt og innsatsen stor. Alt er mykje meir profft enn i Norge. Stor respekt for trenar. Gratis sportsdrikk, nett, teip, osv. Middag i hallen etter trening og fysisk trenar som staar klar med is om ein treng det.
Dei trenar bare ei gong om dagen, men det er til gjengjeld ei veldig lang trening. Dei har hallen fraa halv tre til ni, men heldigvis har ikkje vi trent saa lenge.
Var ganske tung i beina fyrste treninga etter flyturen, og den siste treninga var veldig tung for beina, saa det var deileg aa slappe av i dag.
Har ikkj faatt lagt ut bilete endaa, men eg haapar det kjem etterkvart.
Ha ein fortsatt treveleg sundag.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar